torsdag 21. juli 2011

Glede, eller ikkje glede?

Kom over min gamle eksamens oppgave i nynorsk på videregående, og tenkte jeg kunne dele den med dere. Jeg har jo tidligere hatt innlegg på engelsk, så derfor følas det heilt naturlig å benytte flere fremmedspråk som nynorsk. Jeg sier ikke hvordan dommen ble på denne innleveringa, men du kan gjøre deg opp en mening og så får du vite resultatet på slutten av innlegget..

"Glede: en strøymande, uttømmeleg og varm kjelde du finn inni deg. Ho opner seg når du minst ventar ho og får deg til å skine som sola. Men kva gjer deg glad? Å finne begge sokkane ettar at dei er vaska eller at bunaden passar til våren? Glede kan være så mykje og, og kva ein gleder seg over er individuelt.



For nokon er det å ha ein kjarast det heilt STORE. Det kan vere deira glede og store lukke i livet. Mens det for andre igjen kan vere ei stor ulykke. Kjærasten kan både slå og sparke, og det einaste som kjem ut av forholdet er at ein blir gul og blå.

Sjøl synes eg at det å ha nypussa tenner er det heilt store. Eg tør og opne munnen og snakke med folk igjen utan at eg treng å frykte at dei fell daue om. Eg får liksom ein så rein kjensle som eg vil rå alle andre til å teste ut utan omsyn til om du har gebiss eller ikkje. Eg har jo ikkje prøvd ut gebiss sjøl enno, men eg trur at eg vil få oppleve den same gode, og reine kjensla. Det å vere rein i seg sjøl er i grunn veldig godt. Når heile lekamen er nyvaska er utan tvil det beste. Å vere rein frå rot til topp som Peer Gynt ville sagt. Ikkje frå topp til tå, men frå rot til topp. Peer var nemleg noko for seg sjøl, og det at han forandra og vrei litt på dei vanlege uttrykka, var ikkje uvanleg.

Når det er så mye snø på taket om vinteren at fattern må ta fart for å få den ned og nesten følger med sjøl..ja, da er livet godt;) 


Ein varm kopp kakao gir meg gledeskjensle. Men da må han halde seg i koppen. Ein gong eg var på busstur fann eg ut at eg ville ha meg litt kakao sidan det var gratis. Så eg stabba meg fram til automaten, sleit litt med å halde meg oppreist fordi det var svært så svingete, men kom meg nå tilbake til setet med kakaoen i behald til slutt. Og trudde eg var berga. Men denne gangen lo ikkje lykken til meg. Han gapskratta! For då eg tok koppen til leppene for å drikka, kom det ein hump og vips så var munnen min og resten av fanget brun av gloheit, brennande kakao. Så no har eg lært, ikkje meir kakao på meg på bussturar!

"Du fåkke tatt bildet av meg nå azza!"

 For den yngre garde er nok rampestrekar det heilt store. Her får me vel også inkludere russ. Rampestrekar gir glede og spenning for dei som utøver dei. Vil me bli teke? Og så lenge ein går fri for skulda, og helst at andre får ho, så lever ein livets glade dagar. Men nokon må jo bli offeret, og for dei er det ikkje alltid like morosamt. Sjølv har eg vore med på morellslang eit par gonger. Fyrste gongen gjorde me det midt på lyse dagen og vart oppdaga. Då var syklane gode å ha og me trødde det beste me hadde lært. Og uttrykket: "tjuven vender alltid åttende til åstaden" stemte på oss då. For midt på natta kom me tilbake og fekk med oss det me ikkje fikk tidlegare på dagen. Eg er heilt enig i at det ikkje var snilt gjort, men det er ein del av det å vakse opp..



Men det er leit når man må la andre lide for å oppnå glede sjøl. Dessutan er dagens moderne menneske så vande med å bli underhalda at dei ikkje ser gleda i å glede andre mennske. Dei går berre rundt som alvorlege hengehuer alle saman. Arne Garborg sa ein gong; "Kvifor er folk så uglade? Dei går og ventar si glede frå andre. Dei skulle glede andre, så vert dei glade". Bedre kan det ikkje seiast!



For ein som befinn seg midt i livet, og for ein som er eldre òg for den saks skyld, så kan det å sjå og fryde seg over det motsatte kjønn skape glede. Å titte litt på utvalget av menn, eller kvinner, eller for nokon; begge deler, kan skape glede og ein slags yr forventning blanda med håp. Ein kan ta seg ein tur på gata og "go windowshopping" som det heiter på engelsk. Utan tvil ein triveleg fritidsaktivitet som er mykje bruka. For ingen kan vel med hånda på hjartet seie at dei aldri har gjort det?!



Et "luftkyss" fra en kjekk musiker gir glede i hverdagen :)


Det herskar ingen tvil om at ordet glede assosierast med mykje forskjellig viss du spør folk. Ein kurv med jordbær skapar alltid glede. Men eg må innrømme at eg ikkje likar å plukke dei sjøl lenger. For då må eg nemleg ned på huk, og det er mange år sia tyngekrafta var så svak at det var behageleg. Ein god latter forlenger livet heiter det. Og den kan og forlenge gleda. Visse menneske greier det. Og det fordi det har ein så underleg, rar og morosam latter som ein berre må le av. Og da forlengas jo og gleda! Sjøl elskar eg å le og ha det moro. Eg likar og veldig godt å få folk til å le, og dei seier eg er god til det. Men om det talar sanninga det veit eg jo ikkje, eg berre ler eg!"

Å flekse muskler med venninner er alltid morsomt!

Ohoy! Det krevde litt ekstra innsats å skrive på nynoregsk kjenner jeg. Og for dere som har det som morsmål så er det sikkert litt skriveleifer å oppspore. Men..men.. Det holdt til min enaste SEKSER på vitnemålet, så jeg var jo ganske så fornøyd da jeg fikk vite det. Litt himmelfallen vil jeg tro: Hva?! Men så fikk jeg jo en 2 på engelsk skriftlig, og det var jo et skikkelig slag i magan. Visste ikke om jeg skulle le eller gråte. Så jeg gjorde begge deler. Ikke ofte jeg gråter "in public", men da lot jeg alle "hemninger" fare og lot følelsene strømme. Var ganske godt egentlig. Anbefales;)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar